Tur-Orientering Sesongen 2016
Ålgård Orientering si tur-orientering blir ikkje klar før etter påske men lørdag 2 april, dette på grunn av snø i terrenget og at ikkje alle karta er heilt klare ennå.
Årets turorientering inneheld 60 poster i områdene Hålandskogen, Melsvatnet, Sælandsfjellet, Hammaren (Ålgård sentrum) og Kulene (fjelltopper på Sikveland).
Det vil bli meir Stolpejakt i 2016 også, me vil utvida til 50 postar i Ålgård sentrum, dette opplegget vil ikkje vere klart før mot slutten av april. Den som ventar på noko godt ventar ikkje til inga nytte!
Lykke til med postjakta!